mandag 14. oktober 2013

Foreløpig testrapport

Sindre koser seg i sin BeSafe iZi Plus

Litlebror Håkon har og fått prøva

Håkon og Sindre koser i bilstoler fra BeSafe
Me har no testa BeSafe iZi Plus i eit par måneder. Fra før har me BeSafe iZi Combi X3 både med og uten ISOfix og iZi Go ISOfix. Me har holdt oss til BeSafe fordi me føler dette er trygge og gode bilstoler som er enkle å montere. Me vil derfor gå til innkjøp av ein BeSafe iZi Up X3 når det blir behov det.

Montering i bil
BeSafe iZi Plus er ein stol som, i likhet med andre bilstoler fra BeSafe, hadde lett forståelig brukermanual og var enkel å monterei bilen. Einaste me hadde problemer med var BeSafe iZi Plus Belte Clip. Denne styra med ein del med å få på plass. Ein positiv ting me vil påpeika er at sjølv om dette er ein beltemontert stol så kjem ikkje belte i veien når ungen skal ut og inn av den.

I bruk
Hos oss så er det eldstemann på 3 år som har fått gleden av å bruke stolen etter me fekk den. Han har sete i den gjennom heile sommerferien der me tilbakela vel 200mil i bilen. Han klaga ikkje på stolen ein einaste gong og det er nok grunna at den er komfortabel å sitte i og at han sitter høgt og lett kan sjå ut vinduet. Han sovner lett i stolen når han er sliten. Som følge av at me har vore med å testa BeSafe iZi Plus så tok ei venninne av kona kontakt for å sjå på stolen. Ho var såpass fornøyd med det ho såg at ho ville gå til innkjøp av ein slik stol.